Månedens klubb: Svanøy Viseklubb (Akademiske Maur)

På den lille øya Svanøy på Vestlandet, bor det om lag 50 innbyggere - og rundt 12% av dem driver med viser! Tidligere hadde de også visekoret, “Akademiske Maur”, når de hadde alle stemmene til det. De lager visemusikaler, cabareter og plater - det er ingen tvil om at musikkgleden er stor hos den lille viseklubben! Vi tok en prat med Leni Myklebust.

Fortell litt om klubben og hva dere driver med?

Akkurat kva det er med Svanøy, «Sunnfjords perle» , er det vanskeleg å sette fingeren på, men prosentvis befolkning som på ein eller annan måte driv med viser, er jamnt over 12. Dette var grunnen til at det vart starta viseklubb på denne frodige øya med like under 50 innbyggjarar. 

Ei tid hadde vi til og med eit aktivt visekor på øya «Akademiske Maur», men det var så lenge vi hadde folk til alle stemmene. Viseklubben har i samarbeid med Svanøy Folkeakademi og det lokale kulturforlaget “Lisa og Lunden” køyrt eit konsept på den lokale Kroa i ti år, der farsotten Quiz, har blitt krydra med levande visesong og gitarspel frå lokale artistrar. Dette har vore nerven og grunnpilaren i aktiviteten, og fungert som ein musikalsk smeltedigel. 

Halvard Husefest Lunde og Lisa Myklebust. Foto: Leni Myklebust 

Kan du trekke fram et høydepunkt fra klubbens levetid?

Krister Seljeset, Halvard Husefest Lunde og Arne Schei. Foto: Lisa Myklebust 

Konkrete ting som har kome ut av dette samarbeidet er Arne Schei (Schei1) si plate «Min beste ven». Der let 60-åringen tekstane sine kle seg i gitarbaserte arrangement, frå det klassiske visemønsteret og langt ut i den progressive rocken sine sfærer.  

Då Halvard Husefest Lunde skulle fylle 50, ville han ikkje gjere det noko dårlegare. Han lagde rett og slett ein «Visemusikal» bygd på visene han har skapt i samarbeid med Andreas Engebø. Den fylde Kulturlåven på øya tre dagar til ende sumaren 2022. Du finn smaksprøver frå både «Min beste ven», og «Livet i Låglandet», som visemusikalen heiter, på det meste av tilgjengelege strøymetenester.

Andre høgdepunkt på viseøya har vore når islendingen Helgi Kjartansson song og spelte viser frå sin oppvekst, både frå Island, men og dei store klassikarane frå den amerikanske visebølga.  

Jorunn Russøy og Asbjørn Vie hadde ein kveld på Kjellarhuset ved erverdige Svanøy Hovedgård, der dei gjorde eit Cabaret over Leonard Cohen sine viser, både på engelsk og norsk.  

Jorunn Russøy. Foto: Arne Hjorth Johansen v/Firdaposten. 

Hva er planene for det nye året?

Dette året får vi besøk av Eliot Bronson att, ein Nashvillebasert singer- songwriter, som vi vonar skal halde ein «masterclass» i Sunnfjord, der vi kan få innblikk i teknikkane og kunnskapane han ber på innan låtskriving og formidling. 

Ellers vonar vi å få visualisert visa «Pineskjæret», ein song om historia til eit lite skvalpeskær i Svanøybukta. Eller rett og slett lage ein liten video, for å sei det enkelt. 

Vi er ikkje så mange, vi er ikkje så store, men vi putlar no på.